Ormen

Raud den Ramme var ein stor blotmann, ifølgje Snorre, og ein ovkar til å trolle. Då Olav Tryggvason fór sjøvegen nordover og ville kristna hovdingen, galdra han, så det kom slik storm, at kongsskipet måtte søka til lands. Men kongen lo sist: Hirdbispen hans visste råd, vigde båten og sette korset i stamnen. Samtidig lærte mannskapet straumane i Saltfjorden å kjenna. Så rodde dei gjennom uvêret. Kongen drap Raud og tok draken hans, Ormen. Det var det venaste skipet i heile riket.

Innlegg trykt i Dag og Tid, 09.11.2018

Håkon Glørstad er glad i gamle soger, men ikkje vil ta lærdom frå dei, anna enn at det er best å lukka øyra for kritikk. Både av Odyssevs og Olav Tryggvason kunne han likevel lært å lytta til gode råd og erfarne fagfolk, heller enn å berre driva båten ut i farlege farvatn. I fleire år arbeidde leiinga ved Kulturhistorisk museum for at skip og gjenstandar skulle flyttast frå Vikingskipshuset, sjølv om eigne samlingsansvarlege og eksterne sakkunnige åtvara mot transport. I 2006 skrev Veritas beint ut at det med ei flytting var «høy risiko for skade» og at «deler av samlingen kan ødelegges».

Dette er likevel ikkje del av forteljinga Glørstad vil skapa, som i første rekkje visar til kva som har skjedd etter 2012, året då regjeringa endeleg stoppa museet frå berserkgang med samlingane. Om leiinga ved KHM faktisk meiner det var «en heldig utvikling i saken» dei vart stansa, burde direktøren heller stikka fingeren i jorda, enn å skyta leppa i vêret. Ei slik haldning til eiga samling, kan ein ikkje venta har skapt politisk godvilje. At flytting var ein strategi svært lenge, talar då sjølvsagt heller ikkje for at dette var klokt, då undersøkingar viste det motsette.

Bilete; Otto Sinding, Slaget ved Svolder (CC 0)

KHMs ønske om å stadig auka besøkstala, samtidig som dei meiner museet toler mindre enn 10 % av dagens, er vidare ikkje konsistent. At Glørstad meiner turistane ved museet i aukande grad er opptatt av kulturarven, får heller stå. Slik talar utsikta frå direktørkontoret, utan innsikta frå museumsgolvet. Dårleg butikk er det likevel ikkje, når ein sel billettar til 50 millionar kroner. I sine eigne vurderingar til styret viser Glørstad heller til at dette har sikra museet svært solid økonomi.

Glørstad smigrar kanskje med å samanlikna avisinnlegget mitt sist veke med Odysseen, men ulikt gamle poetar og visse museumsdirektørar er eg meir opptatt av innhald, enn form. Det kan vera gildt med ny drakt, men ikkje om det stiller innhaldet meir lageleg til for hogg.

Året etter ferda nordover, bygde Olav Tryggvason seg eit større skip, Ormen lange. Så byrja han høyra meir på andre hersar, enn eigne menn. Då lurte sveakongen, danekongen og Eirik Jarl han i bakhand. Fleire skip lét dei segla, men Ormen lange kjente dei igjen og la til slag. Der fall Olav, medan Eirik jarl tok Ormen. Hovmod stod for fall, noko museumsdirektørar òg kan læra av gamle greske dikt.

Bilete: Erik Werenskiold, illustrasjon til «Olav Trygvasøns Saga», Snorres Kongesagaer, 1899 (CC 0)

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *