Oppvekst og hjernevask på 1700-talet

Fredag 20. februar vart eg faktisk 30 år. Dagen vart derimot nytta på å feira min gamle, men evigunge, rettleiar Øystein Rian, som vart 70 år nokre dagar seinare. Tradisjonen tru var gava frå diverse kollegaar eit festskrift: ei samling artiklar med tema tett opp mot Øystein interessar som forskar.

Eg har medverka i festskriftet med ein artikkel kalla: «Tukt, tvang og tilvenning: religiøs disiplinering i Noreg i tidleg nytid». På seminaret presenterte eg den. Det var knappast nytt stoff for Øystein, som nitidig hadde lest teksten før, som del av doktoravhandlinga mi. For eventuelt andre interesserte følgjer framlegget her:

Presentasjon:
Tukt, tvang og tilvenning: religiøs disiplinering i Noreg i tidleg nytid

Artikkelen handlar grovt sett om to delar:

  • Den moralske bodskapen som kyrkja forvalta i tidlegmoderne tid
    • Òg korleis denne vart innprenta i folk

Altså ideologi og praksis, kan ein seia.

Statstenarane

Ideologi er i så måte den teologisk grunna sedelæra, slik den utvikla seg etter den dansk-norske lutherske reformasjonen i 1536, og slik den var godkjent av øvste myndigheit for dei nye nasjonalkyrkjene, eller då fyrstekyrkjene, nemleg altså kongen og styresmakta.

Her ligg nemleg eit avgjerande aspekt ved alt kyrkjeleg oppdrag etter reformasjonen: det skulle tena eit statleg føremål. Bodskapen frå preikestolen skulle heller ikkje berre vera kritikklaus, men aktivt byggja opp om den politiske makta, samfunnsstrukturar og altså eit konformt sosialt handlingsmønster.

Synda

Reglene for akseptert åtferd var jo då sjølvsagt bygd på læra om synda, om korleis visse handlingar var særleg perverse, men òg tanken om at heile menneskenaturen var gjennomsyra av egoistisk vondskap. Martin Luther la sterk vekt på arvesynda, som difor vart eit viktig dogme òg i dansk-norsk reformert teologi – særleg etter kvart som denne utvikla seg i ei streng retning mot slutten av 1500-talet.

I forkynninga utover 1600-talet kom dermed tanken om synd som ein grunnleggjande menneskeleg tilstand sterkt til uttrykk. Dogmet vart utfordra med rasjonalistisk teologi, men fleire konservative predikantar heldt fram med å leggja vekt på «den menneskelige Naturs totale Fordærvelse» òg utover 1700-talet.

Sjølv fornuftsteologiske prestar heldt dessutan fram å karakterisera visse aktive handlingar som synd. Det var dei då òg pålagt til: frå reformasjons-kyrkjeordinansen av vart ein rekkje handlingar karakterisert som «openbare laster», som skulle føra til nekting av nattverd. Særleg vederstyggeleg var sjølvsagt hor og gudsspott, men òg fråtsing og drukkenskap skulle bli påakta av presten. Med danske og norske lov i 1683/87 vart syndelista så utvida med fleire forhold – som sladder og vedding.

Tukt

Det her danna grunnlaget for kyrkjetukta, altså presten sine straffhandlingar mot soknefolket. Men syndedefinisjonen var òg hendig til å forklåra krig og ulukker, der ansvaret alltid vart lagt på samfunnet sjølv, for synda som levde blant dei. Dessutan kunne synde-definisjonen nyttast til å fordømma handlingar enkeltprestar underkjente, som Drammens-prest Hans Hammond, som meinte alle nordmenn som drakk kaffi burde internt fordrivast.

Dei siste tiåra har det i forskinga på tidleg nytid vori ei auka fokus på sosial kontroll gjennom institusjonar som tingretten og militæret ‒ og til ein viss grad kyrkja. Norske studiar som har kommi inn på kyrkja si rolle, har likevel i første rekkje sett på prestane si straffande oppgåve ‒ den såkalla kyrkjetukta ‒ og på dei lovane som regulerte denne.

Tvang

Men lovverket la opp til at presteskapet òg skulle medverka systematisk til daglegdags normdanning, allereie frå barndomen av: først ved å mana foreldra til stram tukt over ungane, seinare ved sjølv å oppfordra til inderleg botsmoral.

For å sørgja for rett oppseding påla Norske lov prestane nemleg å to gongar om året å formana folk til «Børnetugt». Dessutan skulle deira «medhjelparar», som var lokalt utvalte menn, halda oppsikt med at dette vart gjennomført, og melda frå om avvik til presten.

Den strenge borneoppfostringa vart òg forkynt frå preikestolen: Bodskapen var at om ein ikkje lærte sine ungar opp i lydigheit til sine foreldre, ville dei bli destruktive krefter både for seg sjølv og andre. I staden skulle ein gjera dei om til «nyttige Redskaber til Guds, Kongens og Landets Tieneste», som Begens-prest Johan Plate Bruun preika i 1766.

Tilvenning

Ei slik oppdragelse skulle då læra ein til å akseptera autoritetar seinare i livet, at eins lydigheit vart frivillig. Ein overførte såleis autoritetsforholdet til sine foreldre, til styresmaktene, og frykta for sin fars ris til frykta for Guds straff. Å bli oppdratt til ein god statsborgar handla om å læra seg underkasting for den styrande.

Denne verdien fekk ein så gjentatt gjennom kyrkjegangen seinare i livet: ein viktig del av bodskapen frå preikestolen var nemleg korleis Gud sette pris på god Orden, og straffa dei som var ulydige mot autoritetar og samfunnsstrukturar.

Enklast var det difor at ein heldt orden på seg sjølv, i staden for at kyrkje og øvrigheit gjorde det. Den pietistiske bølgja frå byrjinga av 1700-talet av forsterka trua på moglegheita til å forma sinnet og motivera nokon til å handla av eige samvit. Disiplinen skulle i større grad førast innanfrå, enn berre utanfrå. Eins eigen helvetesangst skulle ifølgje Erik Pontoppidan føra til at ein la band på seg sjølv.

Samvitet trong nok påfyll, i form av presten sine formaningar. Men meininga var at den truande sjølv skulle internalisera moralen, å sjå nytta av eit usyndig liv. På mange måtar er den den moderne måten å tenkja sosial kontroll på, som her bryt igjennom: der samfunnsmedlem blir styrt gjennom sjølvkontroll ut ifrå innbilt eigeninteresse, basert på normdanninga gjennom oppveksten.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *