Museet som batt seg til masta

Kulturhistorisk museum (KHM) klinka nyleg til mot eitstatsbudsjett utan pengar til nytt vikingtidsmuseum. Politikarane forstår ikkjealvoret, skreiv museumsdirektøren, vikingskipa kollapsar og «gjenstandenebrytes ubønnhørlig ned». Men korleis skal politikarar fatta eit alvor, museet sjølv har oversett?

Innlegg trykt i Dag og Tid, 26.10.2018

Vikingferdene gav Norden ei førande stilling i Nord-Europa og påverka historisk utvikling ute og heime. Avgjerande var båtteknologien, den beste i Europa. Med flat botn kunne skipa leggast til utan hamn, dragast over land og sikra rask tilbaketrekking. Dette er allmennkunnskap, og vi veit det grunna studie av skip frå gravfunn i moderne tid. Vikingskipa er slik vesentlege historiske leivningar, noko KHM veit å marknadsføra: Vikingskiphuset (VSH) rommar «Noregs kanskje viktigaste kulturarv». Til det kjem òg alle gjenstandane funne i gravane, som vogn, sledar og dei rikt utskore dragehovuda.

Historisk er det slik opplagt svært store verdiar i vikingskipa, men òg økonomisk. Heile KHM er av dei mest vitja norske musea, med om lag 10 % av alle betalte besøk. I 2016 var det 590.000 betalande, opp 130.000 sidan 2014. Frå 2013 har inntektene stige med 143 %. I 2017 tente KHM 53 millionar i billettsal, opp 14 millionar frå året før, det meste av auken frå VSH.

Gokstadskipet på Vikingskipshuset. Bilete frå Wikimedia commons (CC BY-SA 4.0).

Mang vitjande er cruiseturistar, dagens vikingar. Bussa rett frå vår tids invasjonsskip, blir dei ført mot besøksfylkingen av eigne guidande merkesmenn. Ved langsiktig nedbryting ranar dei kulturarv, før dei trekk seg raskt tilbake. Utbytte dei sit at med etter å ha blitt kjølhala gjennom museet er derimot blanda (eit gjengangar-spørsmål då eg jobba i entrekassa der var: «where are the vikings today?»). Kunnskapsformidling i slik vitjing er liten, om inntektene er store.

Men huset tek berre 40.000 vitjande, hevdar museet. Heller enn å stogga nedrenninga av døra noko, har leiinga difor kjempa for nytt museum i to tiår, dei 12 første under direktør Egil Mikkelsen, med sterk støtte frå rektor og styret ved Unisersitetet i Oslo. Museet skulle ligga i Bjørvika. Årsaka var enkel: Bjørvika ligg tett på anløpet for cruisebåtane i Oslo, som ville smøra turistmaskineriet ytterlegare. Bygdøy låg derimot for asides og det var for lite plass til turistbussar.


Moderne vikingskip, lagt til ved Akershus festning. Bilete: Pxhere (CC0 1.0).

Strida for bjørvikamuseet fekk motbør då riksantikvar Jørn Holme freda sjølve bygget i 2009. VSH er nemleg teikna av Arnstein Arneberg og er ein arkitektonisk nasjonalskatt i seg sjølv. Men museumshersen Egil gav seg ikkje for antikvarjarlen Jørn, i tre år til slåst han for flytting. Til slutt sette øvste drotten, kunnskapsminister Kristin Halvorsen, foten ned. Men då var Mikkelsen gått av, og den nye direktøren, Rane Willerslev, stemna ut med å kalla heile flytteiveren eit blindspor.

Flyttekampen kjem i særleg dårleg lys av at museet visste det ville skada samlingane. Veritas skreiv beint ut at flytting ville skada gjenstandar, sjølv om det ville gå høveleg bra med Osebergskipet. Dei andre skipa undersøkte dei ikkje, og rapporten kvilte på fleire feil. Dei fleste som faktisk jobba med samlingane åtvara då òg mot flytting, som Arne Emil Christensen, tidlegare ansvarleg for samlingane på VSH, eller Knut Paasche, som ei tid hadde same stilling.

Osebergskipet under tidlegare transport. Bilete: Oslo museum.

Det var altså politikarane som redda KHM frå å skada sine eigne samlingar. Å løyve pengar til å rusta opp museet ville no opplagt vore det beste. Samtidig ser regjeringa nok enkelt den grunne botn i protestane frå nokon som tidlegare sjølv har vika frå ansvaret. Og korleis skal politikarar sjå eit alvor, museumsleiinga sjølv har oversett? På slik vakt, bør iallfall nyfunne skip ligga fast.

Det lyd dermed holt når UiO-rektor Svein Stølen skriv han «håper virkelig våre politikere er seg sin kulturarv og sitt ansvar bevisst», ved å løyva meir pengar. Her har museum og rektorat sett butikk føre kulturarv i fleire år. Ved å sjølv trykka på for ei uforsvarleg flytting og legga vekt på besøksauke, har KHM bunde seg sjølv til masta. Då må ein rekna med å gå ned, når nokon høgg skipet lekk.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *