Kjøt, lyst og peikefinger


Eg er så heldig å vera i redaksjonen av det tverrfaglege og samnordiske tidsskriftet «Sjuttonhundratal: Nordic Yearbook for Eighteenth-Century Studies», som er gjevi ut av dei nordiske selskapa for 1700-talsstudiar. Her er eg norsk bokmeldingsredaktør, noko eg har drivi med sidan 2012. Vi legg ut nummera våre på nettet, men med litt forseinking trass alt, vi skal jo helst prøva å få seld litt – eller vi «sel» eigentleg medlemskap i selskapa, til dømes det norske (sjekk gjerneheimesida vår, der eg faktisk òg er webmaster!). I 2012 hadde eg òg mi første bokmelding på trykk her, og dette nummeret har vi nett lagt ut her. Der kan de òg lesa mykje anna fint, men eg tenkte eg skulle leggja ut min eiga melding her òg. Den er av statsarkivar på Kongsberg, Nils Johan Stoa si bok «Kjødets lyst: Fortellinger om synd og straff». Den fann eg ganske morosam ser eg, men ikkje heilt plettfri, særleg var eg misnøgd med moraliseringa over historiske handlingar og tendensen til å ta Gud med inn som aktør:

 

Nils Johan Stoa, Kjødets lyst: Fortellinger om synd og straff ([Oslo] : Cappelen Damm, 2010). 225 s.

Sedskapsbrot blir gjerne sett på som nokre av dei mest moralsk forkastelege lovbrota vi har. Stort mildare såg ein ikkje på det i tidleg nytid. I boka Kjødets lyst frå 2010 tek Nils Johan Stoa for seg slike handlingar frå midten av 1600-talet av og to hundre år framover. Ut ifrå tingbøker, forhøyrsprotokollar og kyrkjebøker fortel statsarkivaren på Kongsberg om skjebnane til bygdefolk som på eit eller anna vis lèt kjønnsdrifta ta overhand, til ulukke for seg sjølv og ofra.
På sett og vis er boka ei oppfølging til Stoas I hine hårde dage frå 2003, som tok for seg valdskriminalitet i mykje den same tida. Kjødets lyst presenterer ei rekke saker som alle enda med harde verdslege straffar, størsteparten med bøddeløksa. Stoa skildrar den rettslege utviklinga gjennom perioden, med vekt på kriminallova frå 1842 og serleg Kong Christian Vs Norske Lov frå 1687. Sistnemnte er delvis – men rotete nok ikkje konsekvent – retningsgjevande for kapittelinndelinga, som altså er tematisk, etter type handling.
Ein viktig påstand er at den verdslege lova var inspirert av, og nærmast analog med mosaisk lov og bibelsk bodskap. Utvilsamt var Gud og evangelium solid suverenitetsunderbyggande materiale for 1687-lova, og bibelord kunne bli tatt rett inn i ho – nordisk sharia, som Stoa skriv. At dette tyder eit religiøse domstolar og ei utvikling der «rettspleien etter hvert distanserte seg frå sine bibelske forbilder», er til gjengjeld ein meir problematisk posisjon. Om det var mykje symbolsk å henta på å grunna autoritet i Skrifta var Norske lov like fullt verdsleg lov, og skuldige vart dømd for brotsverk mot den jordiske staten, ikkje som syndarar mot himmelen.
Der valdskriminalitet i første rekke var statleg og verdsleg føretak var det same vidare ikkje like opplagt med sedskapsbrot på denne tida. Undertittelen til boka, Fortellinger om synd og straff, ber då òg bod om at desse gjerningane vart tolka innanfor ein annan diskurs enn den sekulær-juridiske. Vendinga med å berre å grunngjeva dette med at statlege lovar var religiøst inspirert held derimot ikkje vatn, her burde andre vaktarar av den kristne moral vori kopla tydelegare inn. I framstillinga glimrar kyrkja derimot mest med sitt fråvær. Det skuldast venteleg òg det metodiske grepet om å kanalisera kvart enkelt forhold inn mot ei rettsavgjerd.
Om eit viktig mål er å framstilla korleis konseptet synd påverka folk i samtida er det problematisk at kyrkja si konstruerande og straffande rolle andsynes ho er utelati, og at prestar berre førekjem som sjeleforsørgjarar og medhjelparar til verdsleg etterforsking. Stort betre blir det ikkje at Stoa omtalar dei skuldige som «syndarar», ein kan undra seg om tanken er at dette er ein objektiv, naturgjevi kategori? Synd er derimot ikkje synd av seg sjølv, folk fekk ho innprenta ein stad, og dei frykta konsekvensen ho fekk òg føre kyrkjeleg jurisdiksjon.
Samstundes kunne Gud med fordel ha blitt kutta ut som aktør. Ein «Vårherre» som «ikke [løftet] en finger for å hjelpe den frustrerte ektemannen», eller «ikke […] skulle ta det livet han hadde gitt», figurerer som nokon anna enn ei rein retorisk vending, og smussar til den elles godt vitskapleg forankra framstillinga.
Ut i frå relativt sparsamt materiale får vi servert levande forteljingar om mordarar og overgrepsmenn. Formidlinga er lettfatteleg, dramatiseringa fungerer godt, og ein må skryta av evna til å få fram kyniske trekk ved aktørane. Vantande innblikk i alle aspekt ved saksforholda gjer at mange samanhengar berre kan antakast, men dette blir gjort på ein truverdig og forsvarleg måte. Svikt i rettsprosess og etterforskingsrutinar blir vidare framheva. Likevel er Stoa av den oppfatning at nokon som er dømt må vera skuldig. Eit ryddig rettsprinsipp kanskje, men ein historikar burde like fullt stå friare til å påpeika manglande bevisgrunnlag og uforsvarlege dommar.
Vidare rettar Stoa sjølv dommarklubba mot brottsmennene. Medan han utviser sympati for nokre av skjebnane, går han nemleg ikkje av vegen for å kalla dei «pervetert» og «forskrudd», og å klandra dei for å vera utilrekneleg, ved å spørra: «Hva feiler et slikt menneske?». Ein ser for seg forfattaren blant det samtidige moralske hylekoret, i det han viftar sin moralske peikefinger over folk sitt «lastefulle levnet». Det kan vera ein forståeleg menneskeleg reaksjon mot tidvis svært grufulle handlingar, men det går ut over objektiviteten.
Nils Johan Stoa skriv spennande om folk sine libidinøse ugjerningar i tidleg nytid. Det er krim frå verkelegheita, som kan riva med dei fleste. Tidvis går det likevel litt for kjapt i svingane med dei vitskaplege prinsippa. I iveren etter å trekka fram skattar frå arkivet og gjera dei levande brekk Stoa saman saker som ikkje naudsynleg høyrar saman, saka om den forførande sektleiaren Ole Olssøn i Sør-Aurdal til dømes er engasjerande, men kjennes malplassert. Verre er det når forfattaren ikkje klarar å distansera seg frå stoffet, og ender opp i rolla som aktor og assessor.

Sjuttonhundratal (2012).

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *