Innovatørane


Fornyinga av forskingsfinansieringa har ikkje plass til forsking som ikkje skapar produkt.

Forskingsrådet lanserte nett ny «hovudstrategi». Den kan samanfattast i eit ord: innovasjon. Eit kjekt plussord å krydra sausen med, for å gjera forskingsløyvingar lett fordøyelege.

Òg regjeringa sin langtidsplan for forsking har innovasjon som fremste mål. Likeins EUs siste rammeplan for forskingsløyving, Horisont 2020. I båe har innovasjon blitt synonym med forsking. Det har vidtgåande følgje for kva fagleg virke som skal støttast.

Europeisk kikkert

Størringa på Horisont 2020 er svimlande: 80 milliardar € over sju år. I forskingsverda er Noreg fullkomen EU-medlem og kastar truleg inn 20 milliardar kroner. Færre midlar blir dermed brukt til andre forskingstilskot. Samtidig hentast berre 2/3 av EU-innskota heim. Regjeringa forlangar difor at tilbakeføringa aukast med 60% samanlikna med førre program.

Institusjonane føyer seg: KDs lydige disippel Universitetet i Oslo har laga sin eigen «UiO:horisont», der målet er å få forskarane til å søka fleire EU-midlar. I tillegg til å elta inn forskingsadministrativ nytale i sine i institusjonelle uttrykk, vrir ein såleis fokuset for eksterne midlar mot den europeiske himmelranden, og underkastar seg definisjonen i denne.

Kunnskap i blåningen

Ikkje alt går innanfor ei slik ramme: Forskinga som ikkje skapar, men avslører, høyrer ikkje heime. Dei ulne satsingsmåla og diskursen i slike strateginotat handterer tvert om akademia som ein teknisk produsent og tenesteytar for næringslivet. Horisont 2020 delar finansieringa inn i tema som råmateriale og tryggleik.

Eksterne finansieringskjelder gjer såleis kritisk granskande verksemd til eit uinteressant aspekt ved forskinga, som ikkje-målbart og dermed ikkje-utteljande. For nokre fag tyder det nærmast at ein kan skyta ein kvit pinn etter slike løyvingar.
Ikkje all fagaktivitet kan nemeleg brytast ned i å laga appar og endra ressursbruken i samferdsla.

Ei kjelde til produktdesign

Humanistiske fag kan «kanskje vera ei kjelde til kreativitet i utviklinga av tenester og produktdesign», ifølgje nettsida til Horisont 2020. I beste fall kan ein medverka til å styrka den europeiske fellesidentiteten. Elles er ein uinteressant innanfor ei verdsforståing der «societal changes» heller er det same som utvikling i energieffektivitet.

Regjeringa har ifølgje seg sjølv «høye ambisjoner for Norge som kunnskapsnasjon». Der nokon forbind kunnskap med tematisk innsikt og teoretisk forståing, er likevel heller teknisk dugleik definisjonen i innovasjonsparadigmet. Ny kunnskap er ikkje nyskaping her, om ikkje resultatet kan gjerast operasjonelt. Forskarar som «berre» medverkar med samfunnsinnsikt bør kjenna seg trua.

Kommentar i Dag og tid 22. mai

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *