Høgare utdanning: styrk og skryt

Iselin Nybø gir inntrykk av samanslåingane etter strukturreformen har vore eit frivillig tilbod til norske høgskuler, i eitinnlegg 21. mai: Avgjerda om samanslåing «ble tatt av styrene ved institusjonene selv», og som døme på dei som valte motsett nemner ho Høgskulen i Volda.

Dette valet er derimot ikkje så fritt, som ein lett kan få inntrykk av. Som Nybø sjølv viser til er det eit politisk mål om samanslåing av høgskuler og universitet, fundert i strukturreforma, eller «Konsentrasjon for kvalitet» som ho heiter. Målet er ikkje søkt oppnådd på akademisk vis, gjennom retorisk overtyding, men med handfaste midlar.

Pengar har vorte fordelt for å greia ut om samanslåing, så til gjennomføring av endringane og oppbygging av nye tilbod. Nybø skryt av at økonomien ved Nord universitet har vorte betre, men viser så til det openberre, at det er fordi dei har fått nye midlar til samanslåinga. «Sterkare institusjonar» er altså ikkje ei logisk følgje av fusjon, det er ein politisk premie for vilje til sentralisering.

At omlegging skulle følgjast opp av finansiering er opplagt. Om målet likevel faktisk er sterkare institusjonar, skulle ein likevel tru departementet støtta effektivisering òg for dei som ville halda fram som høgskuler. Slik har det ikkje vore. 150 millionar var sett av til «samarbeid, arbeidsdeling, konsentrasjon og samanslåing» i 2017. Til slutt vart pengane berre delt ut for det siste. Høgskulen i Volda har samtidig bedt om midlar til å styrka seg administrativt, utan å rasera høgskuleforma. Dei har fått blankt avslag.

Slik politisk undergraving har lenge pressa høgskulane. Nokre har stått imot, mykje grunna krafta i valt leiing, med forståing for fagleg kvalitet. Ulikt det Nybø skisserer, har Høgskulen i Volda likevel søkt fusjon, men då med eit ønske om reell regional styrking. Her har ein ikkje vunne fram. I staden søkte dei nærmaste høgskulene til slutt til storbyane, og enda opp som juniorpartnarar mykje styrt frå Bergen og Trondheim. Strukturreformen har her motverka sterkare regionar, til fordel for dei største nasjonale sentruma.

Volda har til gjengjeld ein hatt eit uforpliktande samarbeid med Universitetet i Bergen, som har gjort fagmiljøet rikare og medverka til gode søkartal. Fagleg har ein slik styrka seg, utan fusjon. Mange i styret er likevel for samanslåing med UiB, dei ser nemleg vegen departementet sparkar. UiB er òg positive, for fagmiljøa passar inn i deira profil, mellom anna har dei bygd ut mediamiljøet i Bergen sterkt. På sikt er det vanskeleg å sjå at eit universitetsstyre ikkje då vil vurdera sentralisering av økonomiske omsyn. Her er parallellane til andre institusjonar sterke, sist altså Nord Universitet.

At  «samanslåing er ein føresetnad for å heva kvaliteten i høgare utdanning» er blitt eit aksiom for regjeringa si utdanningspolitikk. «Robuste fagmiljø» og «utdanningskvalitet», til liks altså med god økonomi, er framstilt som eit mekanisk utslag avsamanslåing. I liten grad er det argumentert for dei faktiske samanhengane, reformen er gøymt i påstandar som forklarar seg sjølve. Styrking av fagmiljøa er derimot godt mogleg utan samanslåing og sentralisering, men nett no er den politiske motviljen for sterk.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *