Historielaust i sør

(Innlegget er ophavleg publisert på nettstaden historieblogg.no, eit finfint forum for historikarar)

Risør historie skal skrivast. Det er eit storverk: 6 millionar ligg i potten og bystyret har nytta 100 000 på eit større forprosjekt som skulle sikra solid fagleg grunn. 23 svært kompetente historikarar søkte, og éin kjendis. Ein treng ikkje vera ovleg svartsynt for å sjå for seg korleis det gjekk. Kva slags historie får ein ut av det?

Han som hadde lyst

Maleri, klippe med høg sjø, halvmåne og mørke skyar, båtsegl i bakgrunnen

Utsikt ved Risør. Bilde: John-William Edy, Nasjonalmuseet

Oppdraget fekk Victor Norman, føre fleire historikarar med omfattande
publikasjonsiste og høg formell kompetanse. No er Norman rett nok professor, men det i internasjonal økonomi på handelshøgskulen. Reint fagleg er han såleis like kvalifisert som til dømes Knut Jørgen Røed Ødegaard ‒ eller Caroline «fotballfrue» Berg Eriksen, for den saks skuld, som jo mange meiner skriv både godt og engasjerande.

For nett dette var nemleg det avgjerande argumentet redaksjonskomiteen for verket først trakk fram: at Norman peikte seg ut med glød og engasjement. Meir kvalifiserte historikarar ville derimot berre kosta saman nokre kjeisame greier, meinte Kjell Pihlstrøm, leiar av redaksjonskomiteen til verket: «For dem var dette kanskje bare nok et verk som skulle føres i pennen» (Aust Agder blad, 06.08). Norman derimot, han var «sulten» ‒ sulten på å finna ut meir.

Rett nok er det ein fordel at den ein tilsett har lyst på jobben, men at det var slik beinveges samsvar mellom kompetanse og ulyst er meir vanskeleg å sjå. Seinare prøvde då òg komiteen å ro seg vekk frå engasjementet som grunnlag, men hadde vanskeleg for å visa til andre forhold som gjorde Norman best egna, anna enn å skrika høgt om at «Norman var den beste» (Aust Agder blad, 13.08).

Tidlegare arbeidsminister Norman sjølv forsvarte først sitt kandidatur med at han jo var frå Risør, og dessutan med at han hadde høyrt slike oppdrag var så spennande, og her står Normans sitat seg best i originalform: «En kollega av meg gjorde et lignende prosjekt med Venezia, og han fortalte at det var det morsomste han hadde vært med på noen gang» (Agderposten 08.08.2015).

Seinare har Norman mest avstått frå ytterlegare kommentarar, då han «ikkje vil bli sitert», og nett det kan ein jo kanskje forstå. Samtidig har han altså tatt imot oppdraget, utan å la seg påverka av alle vektige argument om manglande kompetanse.

Bysonen

Først likevel det med at Norman er frå Risør: dette var eit avgjerande argument for redaksjonskomiteen, og altså for forfattaren sjølv. Geografisk bakgrunn rykka såleis opp som avgjerande årsak for valet, det var det som ville gje «en risørhistorie av kjøtt og blod, betraktet innenfra med selvopplevd nærhet» (Aust Agder blad, 13.08). Ei opplagt innvending her er at det skal ei erfaring frå eitt svært breitt sosialt spekter til for å ha personlig innsikt i eit slikt forskingsmateriale ‒ noko Norman ikkje har ‒ ei erfaring som uansett blir irrelevant med ein lengre kronologi.

For å skapa den menneskelege nerven i forteljinga er det til gjengjeld utvikla velfungerande teoretiske apparat, som risørhistoria ville ha utnytta ved tilsettinga av ein kompetent forfattar, i staden for ein med tilsynelatande gyldig bakgrunn. Som eg kjem tilbake til, var ein òg på veg hit, før komiteen pensa oppdraget over på eit personleg sidespor. Seinare viste Pihlstrøm til at Norman hadde flytta frå Risør i 1962, og difor hadde «den nødvendige distanse» til byen (Dagens Næringsliv, 27.08), men då blir det vanskeleg å sjå tilknytinga som noko heldig i første omgang.

Den lokale tilknyttinga kan dessutan like mykje visa seg å vera ein hemsko. Harald Berntsen, som var først ute til å kritisera valet, har nemleg tvert om vist korleis dette gjer Norman uskikka til oppdraget: Årsaka er at han er son av tidlegare ordførar gjennom to tiår i Risør på 60- og 70-talet, Mads Victor Norman.

Og det stoppar ikkje der, som Norman sjølv har påpeikt: Òg far til far hans, hans far og hans far der igjen har vori ordførarar i byen. Det er i det heile tatt eit ordførardynasti gjennom både 18 og 1900-tal det er snakk om her, som igjen har røtter i den økonomiske eliten i byen heilt tilbake til 1500-talet. Den sjølvopplevde nærleiken Norman har er altså i første rekke som familiemedlem til dei leiande eliten i Risør.

Historisk inhabilitet

Silhuett av familie, sittande ved bord, dame med hatt og blomsterkvast, jente med vifte, gut med leikehest, mann med lang pipe, leikehest med kjerre på bordet, rutete golv, vidauge til venstre

Ubekjendt silhuettgruppe. Bilde: Severin Wolm-Petersen, Norsk Teknisk museum.

Å skildra makthavarar som står ein så pass nær utfordrar objektiviteten generelt ogblir ikkje enklare av manglande kompetanse. Her får det heile dessutan ein flau historielaus smak. Som Berntsen har påpeikt: heilt frå 1700-talet har Risør vori prega av tette elitistiske nettverk. Ja, i det heile så var jo norsk forvalting og handel nært bundi saman i kameraderi og prega av underslag gjennom mykje av tidleg nytid.

Korleis ser det då ut at nær slekt til politisk leiing i byen skriv den politiske historia? Kjell Pihlstrøm avfeide Berntsens kritikk som usakleg, men i det her tilfellet handlar det jo nettopp om sak. Koplinga diskvalifiserer forfattaren, og det ville redaksjonskomiteen sett, om dei hadde god nok innsikt i dei historiske forholda.

Om bakgrunnen «skulle diskvalifisere meg, måtte det bety at jeg ikke har faglig integritet til å nærme meg oppgaven på en profesjonell måte», har Norman sagt (DN, 27.08). Ja, nettopp, vi godtek ikkje inhabilitet på andre samfunnsområde, korleis kan Norman sjå for seg at ein skulle det i historieskrivinga? Her verkar den utpeikte forfattaren farga av eit næringsliv der uformelle band er vel så avgjerande som formelle forhold. Korleis skal nokon som synest slike band er uproblematiske forholda seg kritisk til fortidig korrupsjon og venetenester?

I eit innlegg i Agderposten 9. oktober synleggjer Erling Steen problemet på eksemplarisk måte: Han viser til det førre historieverket for Arendal, som likeins skal få eit nytt verk no, som dei altså gjorde i 1923. Det var då gått 37 år sidan det store krakket i Arendal, der banksjef og skipsreiar Axel Herlofson hadde underslått haugevis av pengar, særleg vist av i ei bok av Johannes Torstveit frå 2012. Følgja var ei så massiv arbeidsløyse og fråflytting at Arbeiderpartiet vart stifta i byen året etter.

Då arendalshistoria skulle skrivast satt så representantar for Arendals skipsreiarslektar i bokkomiteen, og oppdraget gjekk til ein annan lokal skipsreiartype, tidlegare stortingsrepresentant for Høgre, Axel Smith. Det heile vart ei inhabil anti-intellektualistisk smørje, som apologetisk slo fast at dei ansvarlege, så vel som alle dei slekta på, hadde levd og handla både nøkternt og fornuftig. No skal altså nokon med den same typen bakgrunn frå det lokale elitemiljøet skriva historie igjen. Var det nokon som sa gjentak i farse?

Casen

Den grunnleggande inhabiliteten blir endå meir aktuell av at Norman, eller Victor, som komiteleiar Pihlstrøm kort og godt kallar han, sjølv først sat i redaksjonskomiteen. Etter det Pihlstrøm forklårer til Aust Agder blad 13.08 deltok Norman på første møtet til komiteen, då utlysinga vart avgjort, og søkte så seinare uforvarande stillinga. Kor mykje Norman sjølv har påverka utlysingsteksten heng i lufta, men enda på visa var at utlysinga ikkje kravde faghistorisk bakgrunn, berre høgare utdanning.

Etter først å ha forsvart seg ved å 1. vera frå Risør, 2. ha ordentleg lyst og 3. kjenna nokon som har gjort det same, har Norman rett nok kommi på andre kompetansar som gjer han skikka for stillinga. Særleg er den økonomiske bakgrunnen avgjerande, meiner økonomiprofessoren, då ein måtte forstå byen først og framst i «den økonomiske utviklingen nasjonalt og internasjonalt» (Dagens Næringsliv, 27.08).

Bakgrunnen frå økonomisk geografi vil dermed gjera han i stand til å skriva om Risør som «ein casestudie», over allmenne teoriar om økonomisk utvikling får ein gå ut ifrå, i så fall altså på ein annan måte enn som historie. Dette har han likeins uttrykk i ein slags forsmak på «[f]ortellingen om Risør»: «næringsstruktur og økonomisk geografi» er døme på metodar han vil legga vekt på. Ikkje for det, Norman har visstnok òg skaffa seg fagleg kompetanse «plukket opp ved å jobbe tett sammen med økonomiske historikere i førti år» (Aust-Agder Blad, 17.10).

Kanskje noko overraskande har Norman dessutan vist til at han jo berre skal føra verket i pennen (KK, 28.08). Det er jo ei vending komiteen òg brukte, men då altså som ei innvending mot kompetente historikarar i utgangspunktet. For Norman sin del er derimot dette eit argument for at han er skikka (noko Pihlstrøm så òg heiv seg på, Morgenbladet 28.08), han ville berre få andre til å ta seg dei områdene har ikkje kjente til, «leie inn spesialkompetanse om det skulle være nødvendig» (DN, 27.08). «[A]ndre må ta arkivjobben», som Norman fortel til Klassekampen. Korleis det skulle gå føre seg, og kven som skulle ønska å gjera drittjobben, før Norman skriv forord, ein casestudie, og så signerer verket, er usikkert, men i så fall skal han vera glad for eit kvart vikardirektiv som kjem i hans retning.

Komitéleiaren påpeikte sjølv at det var avgjerande for tilsettinga at det vart «en bok som skal holde faglig vann», noko som då òg nettopp var grunnlaget for at ein hadde ein slik komité i det heile. Samtidig har Pihlstrøm uttalt at «til vårt oppdrag holder hans historiefaglige kompetanse mål med råke [sic]» sjølv om ikkje Norman er faghistorikar. Det seier vel noko om kva nivå ein ser føre seg på det kommande verket, for Norman har høgst eit par ikkje-vurderte småtekstar i si eiga slektshistorie i beltet.

Ikkje for det, Norman er sjølvsagt svært velkommen til å skriva så mykje om lokalhistorie han berre orkar, noko som heldigvis ikkje er uvanleg blant andre pensjonistar heller. Men om Norman skal oppnå ein grunnkompetanse lik dei andre søkarane (om med mindre relevant erfaring), har han smått med tid. Normert tek det som vi veit fem år å oppnå ein mastergrad i historie og tre til for ein doktor, men då er det altså heller ikkje tid til å skriva boka.

I dei fleste stillingstilsettingane eg har vori borti har den mest kvalifiserte dessutan uansett vorti tilsett. Her burde vel det vori særleg viktig, men har altså vorti tvert om: så lenge ein kunne få ein flik av Norman innanfor det formelle, vart det personlege fullstendig avgjerande.

Fagleg vatn

Svart-kvitt bilete, grunnstøytt seglbåt, liggande skeivt i vasskorpa, svaberg i forgrune, hus, svaberg og skog i bakgrunnen

Bark Latona strandet på Skomakerkjær i Risør i 1905. Foto: Ukjent, Norsk Maritimt Museum

Bystyret hadde likevel sikta høgare for det faglege innhaldet. Faktisk vart 100 000 kroner nytta på eit førprosjekt, som skulle sikra faglege retningsliner for verket, og som munna ut i ein rapport. Denne slo fast at «[d]et må være et mål at Risørs historie skal være av høy faglig kvalitet og hevde seg blant de beste», og at for å nå dette målet «bør det ta til seg nye impulser i historiefaget».

Rapporten sitt eintydige krav om fagleg historisk kompetanse er då heller ikkje noko vagt forslag, rådmannen si innstilling viser til at «[i]nnholdet i forprosjektet skal være veiledende for det videre arbeidet med [n] y Risørbok», noko som så vart vedteki einstemmig i byrådet. Kulturkomiteen til byrådet fulgde opp med eit klart vedtak: «[V]erket bør skrives av en faghistoriker med minimum mastergrad/hovedfag».

Redaksjonskomiteen tilsidesette så altså alle demokratisk forankra vedtak og valte nokon som mangla den kravde kompetansen fullstendig. Dette til tross, kultursjef i Risør Jorunn Bøe meiner byrådet stolar fullt ut på komiteen sine faglege råd, særleg sidan tidlegare direktør for Aust-Agder museum og arkiv Kjell Olav Masdalen sit der. Masdalen møter vi straks igjen. Poenget her er at det ikkje er noko tvingande med ei slik innstilling. Det burde vera openlyst òg for byrådet at redaksjonskomiteen ikkje har oppfylt sitt oppdrag. Tvert om har dei vist seg alt anna enn villig til å gje faglege råd, og heller peikt ut ein kandidat dei hadde personleg sympati for. Då står byrådet sjølvsagt fritt til å avvisa innstillinga.

Skal ein by nytta 6 millionar på eit slikt historieverk burde det derimot ikkje vera glød og person som var avgjerande for oppdraget. Bystyret si arbeidsgruppe for risørhistoria slo fast at det måtte bli eit verk «som kan brukes til utvikling av Risør». Utan ei innsiktsfull historisk framstilling, som kan medverka til den politiske forståinga av lokale sosiale forhold, blir denne målsettinga sjølvsagt aldri oppfyld.

Då er det særleg sørgeleg at politikarane ikkje har hatt vilje til å kontrollera innstillinga, all den tid komiteen har broti så tydeleg med sitt mandat. Ordføraren har heller meint valet var «interessant», sjølv om han samtidig innrømmer det er «overraskende» og «uheldig» ‒ ei snodig form for avmakt mot eit sjølvpåført teknokrati. Ein burde kunne kreva meir av dei folkevalte.

Rabulistsiske argument frå komiteen

Så korleis har dei ansvarlege for sausen, redaksjonskomiteen, forheldt seg, etter å ha blitt tatt med buksene nede? Komitéleiar Pihlstrøm må tidleg ha skjønt at valet var problematisk, som var årsaka til at han tidleg gjekk ut og hevda Norman var ein framifrå vitskapsmann, faktisk ein av dei framste i landet.

Her må komiteen ha late seg blenda av Normans sjølvframstilling, for Pihlstrøm gav først inntrykk av at dei trudde han hadde «jobbet mye med lokal, nasjonal og internasjonal økonomisk historie» (Aust Agder blad 13.08). Då dei i møte med kritikken må ha innsett at dette var feilaktig, måtte dei greva ein ny skanse og fann dermed ut at relevant fagleg innsikt var uvesentleg, forskar var forskar.

Dette var jo altså for så vidt i tråd med utlysingsteksten, og langs denne lina kunne komiteen kanskje haldt fram ei viss halvlogisk argumentasjonsrekke. I møte med den forsiktige sosiale kritikken som låg i Berntsens innvendingar kunne komitéleiar Pihlstrøm dessutan møta det heile med ei hoven elitær avvising om at det var «furtent» og «ufint» (Agderposten, 13.08). Nett denne typen banale ad hominem-argument, der ein søker å ta mannen heller enn ballen, burde vori stogga dersom avisredaksjonen ønska ein sakleg debatt. I staden fekk altså komiteen høve til å imøtegå kritikken i manipualtiv brønnpissing, slik at ein ikkje hadde trengt å ta høgde for kritikken i det heile.

Pihlstrøm kunne likvel ikkje dy seg, og prøvde i tillegg å avleia vidare i meir openlys sverting om at Berntsens innlegg var eit frontalåtak (ein karakteristikk så gjengjevi av Aust Agder blad sjølv), og dessutan at Berntsen «dessverre» mangla ei kvar forståing av saka, sidan han ikkje kjente det fulle innhaldet på møta. Ja, Bernsten var kort og godt «helt på jordet » (Aust-Agder blad, 13.08). For ein sober lesar er det opplagt at det såleis gjekk retorisk vrangt allereie her, komiteens framste forsvar var banale avleiingsmanørvrar . I møte med ytterlegare kritikk bar det så heilt feil av stad.

22. august rykka nemleg instituttleiar ved IAKH, Universitetet i Oslo, Tor Egil Førland ut med ein tydeleg kritikk av prosessen, om òg den gjennomført sakleg, i Agderposten. Den gjentok først og framst Berntsens kritikk, i tillegg til opplagte saksargument som det konkrete metodiske problemet ved at Norman ikkje kan lesa avgjerande kjelder.

Pihlstrøms svar var likevel at kritikken var «klart under beltestedet», «sjikanøst», «skremmende», og ‒ sjølvsagt ‒ «professoral arrogant». (Agderposten, 28.08 og DN, 27.08). Dessutan søkte Pihlstrøm på nytt å forsvara seg med manglande openheit i saksprosessen, slik at kritikarar ikkje hadde innsikt i (underforstått forståelse av) grunnlaget for tilsettinga. Oppsiktsvekkande gjekk han dessutan no vidare til å hevda alle måtte venta til verket var skrivi og publisert før dei i det heile tatt kunne komma med innvendingar i saka.

Pihlstrøms avvising av ein kvar kritikk som «stivbeint laugstankegang er sjølvsagt ein opplagt retorisk tankefeil, men det syner òg noko av innstillinga til faget. Kulturkomiteen kunne kanskje takka seg sjølv ved å velja nokon som ikkje har jobba med faget på fire tiår til leiar. Men det viste seg at det meir faglege alibiet, Kjell Olav Masdalen gjentok same munnhellet. Fagleg kompetente historikarar er «et laugsvesen som tror det har enerett på å skrive om vår historie» skreiv han i Aust Agder blad 18. august, før han floskla vidare om at «Risørs historie skal ikke skrives i et elfenbeinstårn». Dette har altså vori det avgjerande argumentet for komiteen: Alle såkalla faghistorikarar er kjeisame og uforståelege, utan den same folkelege nærleiken ein lokalfødd utflytta økonomiprofessor har.

Denne måten å forholda seg til kritikk på, der ein forsøker å sverta alle innspel som irrasjonelle, er sjølvsagt urimeleg og respektlaus. Slik talar berre nokon viss sak ikkje tåler dagslys. Verre er det likevel at det viser slik sterk uvilje mot historiefaget og alle som har kompetanse i det, all den tid det nettopp er det faglege nivået komiteen skal syta for.

At historikarar ikkje er noko einsretta laug er opplagt sjølv for lekmenn, men dei er heller ikkje særskild sjangersementert. Fleire av dei som søkte og var på intervju er svært gode formidlarar, som evner å vinkla stoffet på ein nyskapande måte. At komiteen ikkje har sett dette, kjem anten av at dei ikkje evna å forstå søkarane eller at dei ikkje ønska å forstå. Eg veit ikkje kva som er verst.

Historielaust

Risør historie skrivast samtidig med eit liknande storverk om Arendals historie, sjølv om Arendalsrådmannen på eit tidspunkt ville avbryta heile prosjektet. Lokale politikarar har løyva store midlar til båe verk, noko som er mogleg i dagens eineståande økonomiske situasjon. Det gir høve til å få forteljingar som er viktige for folk sine lokale identitetsforståing, men òg analysar over sosial utvikling som kan nyttast til framtidig politikkskaping. I ei tid der lokal kulturarv er under sterkt press, er det òg avgjerande at immatriell kultur blir vidareført i alternative fora, så som gode kulturhistorier. Tradisjonelt har lokalhistoria vori sett på som eit viktig bidrag til nasjonalhistoria, i dag blir lokale svar til det globale sett på som ei viktig kjelde til refleksiv forståing. Ei god lokalhistorie vil kunne sameina alle desse perspektiva.

Det er derimot ikkje innsikta i samfunnsforhold som verker å ha vori avgjerande for lokale besluttingstakarar. Heller er det høvet til å sikra eit innbydande verk som kan gje eit glansbilete av heimbyen, skapa god PR utover. Her ligg årsaka til at innstillinga har gått gjennom. Enkeltmedlem i bystyret har overgått kvarandre i skryt av valet, FrP-representant Per Henry Zaal har hevda at «[d]et viktigste er å […] presentere stoffet på en morsom, fengende og levende måte» (Agderposten, 28.08). Venstrerepresentant og sjølv økonomiførelesar Dag Jørgen Hveem har forsvart «eit glimrende personvalg» med at Norman hadde så eineståande formidlingsevne (Aust Agder blad 20.08).

Lokalpolitikarane si lyst til å ha ein promoterande kjendisforfattar har når det kom til stykket dermed trumfa den grunnleggande planen om eit fagleg haldbart verk. Økonomisk sett kan det kanskje ha verka vist for å skapa større merksemd og selja fleire utgåver på kort sikt. Kortsiktig budsjettenking av denne sorten har likevel sin politiske følgje i eit verk som blir langt mindre relevant for Risørs innbyggjarar. Det har dei for så vidt frå før. Forprosjektet har peikt på at risørhistoria frå 1923 var «svært deskriptiv, og ikke særlig historiserende», noko som gjorde at historia for folk flest ikkje kom fram: «Her ligger hovedvekten på økonomi og sjøfart, der først og fremst de på toppen er synlige».

For å bøta på dette burde ein kompetent forskar søkt eit differensiert kjeldemateriale og trekka veksel på ulike metodiske innfasvinklar, heit det i forprosjektet: «[M]er kultur-, sosial-, idé- og hverdagshistoriske temaer bør behandles». Det har bystyret sin kulturomité sagt seg einig i og stemt i: «Nå er det viktig å sette søkelyset på menneskene som bodde her og på det livet de levde». Byen burde fått eit verk som lar eit breitt spekter av fortidige stemmer komma til uttrykk, ei historie alle kunne identifisera seg med og læra noko meir om seg sjølv i. Det får han ikkje. I staden har ein valt ein forfattar med nettopp makroøkonomi som felt, viss einaste halv-relevante småtekstar handlar om nett sjøfart, og som har tenkt å skriva det heile som ein økonomisk «case».

Det dei kan få, og det som har vori målet å få, er ifølgje komitemedlemmane Pihlstøm og Masdalen ein forfattar «som skriver lett og lekende» og som «får fram det unike med Risørs historie» (Aust Agder blad, 13.08). Det er neppe i så måte på godt og vondt, men meir det ein kan finna av unikt positive sider. Desse vil så bli framført med den naudsynte «glød» av nokon med ein personleg «kjennskap til kulturen», slik at resultatet blir eit oppstemt og glansa bilete av lokalhistoria, utan plagsam problematisering og kjeisam analytisk djupn. Det kan bli god skrytande reklame for by og bystyre. «Risør bys» blir det, historie blir det ikkje.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *