Gløym krigen

Nei, ikkje heile tida, og kanskje ikkje nødvendigvis ved 70-årsjubileet for 8. mai, men av og til kan vi vel unna oss at historie er meir enn 1940‒45.

Treng historielesinga dessutan vera underlagt ønskje om profitt, og er det berre verdskrigen som skapar mynt i kassa?

Krigsfetisjismen

Det norske krigsfokuset visast i tilbodet. Forlaga pumpar stadig ut solkors-pryda actionbøker under «fakta og dokumentar»: I fjor og hittil i år har det komi 26 faktatitlar på norsk, i tillegg til omsette og til krigsbasert fiksjon. Historiehyllene i bokhandlane bognar av krigsfråssande husfarporno: det tar ikkje lenge før 1940 byrjar og plassen varar ikkje lenge etter 1945.

Det er mykje å lesa om ulike «forteia» kapittel om andre verdskrig, som sexlystene til nazistane, mindre for den som vil lesa om norsk politikk på 1800-talet.

Dette er ikkje eit jubileumsblaff. På 80-talet kom det ut fleire titals titlar i året, sjølv krigshistorikargeneral Magne Skodvin synest då det var overveldande.

Allmennsalet

At det kjem stadig fleire bøker om andre verdskrig, meiner visst bransjen tyder vi ikkje blir lei, slik uttryke sjefredaktør for dokumentar i Aschehoug Harald Engelstad seg til Vårt Land 7. april i år. Han hadde venta eit blaff til 50-årsjubileet i 1995, men så har «det rare skjedd. Det har kommet flere og flere bøker».

Dette er likevel sjølvsagt ikkje noko utvikling forlagsbransjen svarar passivt på, eller der «tematikken oppsøker de store forlagene», slik Kristenn Einarsson i forleggjar foreininga uttalte til Aftenposten 8. april. Som røynd bokpushar er Einarsson vant til å tenkja sal framføre fag.

Same bilete finn vi likevel i andre medium. Filmar og TV-seriar brettar ut om min, vår og bestemor sin krig, om risikable gjerningar på ski og med krut. Med rette kan ein undra om produsentane sin påstand om allmenninteresse er gyldig, eller om det ikkje berre er ein metafor for salstal.

Histori-heroisering

Svenske historiehyller ser faktisk noko annleis ut. Utvalet av 1600-talstitlar er her misunningsverdig. Ein får inntrykk av at det ligg ein sosialdemokratisk heilskapsplan bak.

Årsaka er derimot mykje den same som den norske krigsfetisjismen, historie som heroisering. 1600-talet var «stormaktstiden», då Sverige erobra Europa. Slik forteljingane frå då fôrar opp svensk sjølvbilete av stordom, styrkar krigshistorier bilete av den norske kvardagshelten.

Det er dette som sel, eller rettare blir seld. Mykje av krigsforteljingane viser oss ikkje noko nytt, men noko vi kjenner att og kan stadfesta oss i. Enkle narrativ om godt mot nazistvondt byggjer ut godtgjeringa.

Sjølv der nordmenn er bad guys, plasserast gjerne ansvaret over på overløpande nisseluer. Denne sjølvhevdinga gjennom historiebruk er likevel knappast egna for å forstå for- eller samtid.

Feiltenkt tabloidisering?

Om krigslitteratur kan selja godt, liknar det òg typisk tabloid-tankegong å sjalta ut andre tema av den grunn. Unntaka viser dessutan at det finst interesse òg for periodar før Anschluss og Blücher, om slektshistorie på 1800-talet, 1700-talssamfunn eller krig i Noreg før 1900-talet for den saks skuld.

Her er det mykje det som er annleis som fascinasjon, men skilnaden aukar òg spørsmåla til sitt eige samfunn. Dette er ein annan måte å bruka historia i allmenta på, der fortida kan tena som noko granskande og utbyggande ‒ i staden for ei forenklande biletet av det min kollega Synne Corell har kalla «ein rein og oversiktleg konflikt», der vi stadfestar oss sjølv i forteljinga om diktatur mot demokrati.

Det er fågjengs å tru at forlag eller tv-produsentar skal la seg råda av fagleg ansvar. Til gjengjeld er det faktisk pengar og publikum å tena på å utvida utvalet, mediebrukarar er ikkje så einspora som salstala kan syne. Oppmodinga til historienyttande bransjar må dermed bli å gje plass for potensialet òg i ukjente tidsrom.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *