Eg skriv Namdalens historie band 3!

Namdalens historie band 3 skal skrivast. Frå før finst to band, for tida fram til 1600 skrive av Jørn Sandnes og for perioden 1600-1837, av Per Christiansen. Sandnes skreiv første band allereie i 1965, medan Christiansen sitt kom i 1999. Det er altså på høg tid at historia om Namdalen fullførast, og det tredje bandet har fått namnet «Nytida», der perioden strekk seg frå 1837 til i dag. Sandnes sitt band var eit tidleg døme på regionalhistorie i Noreg, og særleg banebrytande som historieverk om eit distrikt utanfor dei samtidige politisk-administrative (fylkes-)grensene. Band 2 var så del av ei bølge med nye regionverk, der Trøndelags historie kom berre seks år seinare. Òg i dei seinare åra har det kome fleire verk, som Nordlands, Telemarks og Hardangers historie. Regionalhistorie er slik i vinden, og gir verdifull innsikt i forhold nært på folk si fortid.

Den som altså har vore så heldig å få skriva er meg. Som namdaling og historiker gler eg meg svært! Les saka på historielaget sine nye sider

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *