Brennbar historisk satire

(Kronikk, Dag og Tid, 17.01.2015)

Satire har vori avgjerande som politisk kritikk òg i Noreg, og vart då sett på som trugande av autoritære interesser.

Charlie Hebdo presenterer ein sjanger som er viktig i den franske allmenta, politiske teikningar og vidare sett satirisk kritikk. Denne er meir marginal i dagens Media-Noreg, der ordskiftet heller er prega av indignert moralisme, tilført meir eller mindre saklege logiske slutningar. Annleis var det før 1814, då autoritære sensurlovar gjorde open kritikk ulovleg, men måtte kjempa hardare mot satiriske ytringar.

Trykkefrihed, Denne Datter af Satan

Det offentlege ord i Danmark-Noreg før 1814 var underlagt hard sensur, kritikk av styre og samfunnsordning skulle ikkje tolererast. Mot slutten av 1700-talet drista fleire skribentar seg likevel til å utfordra regimet. Særleg gjaldt det København, der dei fleste trykkeria låg, men det kan sjåast òg i Noreg, der samfunnsforhold kunne bli problematisert og ytringsfridom forsvart. Svaret vart ei lov i 1799, som prøvde å strupa ytringsfridomen fullstendig. To leiande danske opposisjonelle, Malthe Conrad Bruun og Peter Andreas Heiberg, vart dømt etter ho, med tilbakeverkande kraft, og landsforvist.

Malthe Bruun jaga i eksil. Dommaren sit på klippa med riset, ein såkalla generalfiskal spring etter med lenkene.

Malthe Bruun jaga i eksil. Dommaren sit på klippa med riset, ein såkalla generalfiskal spring etter med lenkene.

Både Bruun og Heiberg hadde søkt å unngå presselovane ved å nytta satire til politisk kritikk. Bruun hadde til dømes skrivi «Aristokratkatekismen», eit rabulistisk harselas over samtidig samfunnssystem – der adelen priste seg lukkeleg over å sleppa prentefridomen, «Denne Datter af Satan». Det var del av ei allmente som gjerne var bitande ironisk i si kritikk av maktpersonar. Sterk ærekjensle gjorde spott til eit særleg effektivt våpen, medan lyriske omskrivingar gjorde at meininga tvitydig, og injuriane vanskelegare å påvisa.

Maskerte ordsmedar

Å dekka til sine ytringar var avgjerande for å sleppa unna trykkelovar som forsvarte diktatur og samfunnselite. Ytringar var difor gjerne anonymisert, allegoriar var viktige. Der Holberg skreiv om Niels Klim i 1741, skreiv Bruun Jerusalems Skomagers Reise til Maanen i 1796 – båe kritiske fablar om det samtidige Danmark-Noreg og utopiar om eit anna, mindre oligarkisk, mindre religionskopla statssystem. Vernet frå den opne påstanden, tildelinga av meiningsskaping til lesaren, mogleggjorde offentleggjeringa i det heile. Fablar var difor viktig òg i pressa.

"En skribent får ris": karikatur-kommentar av innstramminga av trykkefridomen igjen i 1771.

«En skribent får ris»: karikatur-kommentar av innstramminga av trykkefridomen igjen i 1771.

I dette tronge offentlege rommet, der absurd kritikk var tryggare enn opne argument, var det ordknappe, det som gav umiddelbar reaksjon, høgt verdsatt som retorisk våpen. Ærekrenkande utsegn med komisk forteikn hagla. Adelsmenn, prestar og statsmenn fekk hard medbør, ettersom borgarskap, opposisjonelle og forfattarspirar freista å slå seg fram. Johann Friedrich Struensee, som hadde rana til seg både trone og dronning, fekk sjølv smaka ordpisken, då han i 1770 oppheva sensuren. Særleg dronningforholdet var godt stoff: pamflettar på rim stempla Struensee som horebukk, med einaste mål «at elske Fruentimmer».

Karikert kritikk

Benjamin_Franklin_-_Join_or_Die1700-talet var då òg hundreåret då den kanskje mest effektive av alle maskerte ytringsformar, karikaturen, vaks fram som politisk redaksjonell sjanger. Benjamin Franklins parterte slangeteikning «Join, or Die» vart flittig nytta som propaganda for amerikansk sjølvstende; engelske teiknarar framstilte på si side franske revolusjonære som edderkoppar og svin. Verknaden av streken sitt klåre bodskap vart omfamna som agitativt våpen, som kunne forsterka eigne rasjonelle argument, eller irrasjonalisera ein motstandar.

Nidskrift mot Struensee: livlegen steig opp på trona, men òg på dronninga, som visast til høgre i bilete.

Nidskrift mot Struensee: livlegen steig opp på trona, men òg på dronninga, som visast til høgre i bilete.

Satireteikninga var viktig òg i dansk-norsk allmente. Nidskrifta mot Struenseevart illustrert med hånande karikaturar av dronning-kuritseringa; harselerande, grove teikningar gjekk til åtak på sensurpolitikk og elitar òg etter sensuren vart innført igjen i 1773. Karikaturane kunne ikkje vera del av den kontrollerte pressa, men utfolda seg i dei namnlause flygeblada. Det var ei slags latterliggjering av makta si tilsvarande biletlege glorifisering av seg sjølv.

Miskjent, men ikkje umiskjenneleg

Forarga over «frække» kritikarar fekk kommisjonen bak 1799-lova gjennom eit forbod òg mot fordekt kritikk. Var «Meningen og den onde Hensigt […] umiskiendelig» skulle forfattaren bli dømt beint fram. Men sjølv om ironien var så utydeleg at dommaren måtte frikjenna, skulle han refsa og åtvara skribenten. Domsstolane skulle såleis teia sjølv dei uskuldige. Lova vart ikkje vedteki utan protestar, kommisjonen sjølv vart karikert som dumme dyr som blåste ut lyset frå pressefridomen.

Kommisjonen som jobba med lova med det misvisand namnet "Trykkefridhedsforordningen" frå 1799.

Kommisjonen som jobba med lova med det misvisand namnet «Trykkefridhedsforordningen» frå 1799.

Ein kan tenkja seg kor enkelt det var å prova ei underliggjande meining. Sensurlovar er lite kompatible med fleirtyding, og sjølv i autoritære regime må jussen vera basert på positiv handling om den skal vera føreseieleg: Å forfølgja nokon for noko dei kan ha meint eller gjort er dømd til å vera vilkårleg. Dette er stryka til ironien, meininga er aldri umiskjenneleg, tvisynet krev tolking. Ironi kunne enkelt forbydast, men det var langt vanskelegare å visa at nokon hadde meint noko anna enn det dei skreiv. Regimet stødde seg dessutan ideologisk på å vera ein rettsstat, noko som gjorde vidtgåande arbitrær makt uheldig.

Krafta i det usagde

1799-lova stogga den klåraste kritikken, men gjorde dermed fordekte ytringar viktigare. Få torde utfordra sensuren openlyst, heller vart utfordrande utsegn gøymt bak falsk naivitet og omskriving. Personåtak vart motarbeidd, allereie før 1799 vart Bergens leiande pressemann, Bernt Børretzen knekt i ei lengre injuriesak. Fornærmande skrift kunne konfiskerast og brennast offentleg av bøddelen. I 1811 brann det til dømes eit større bokbål av injurieskrift i Trondheim. Boktrykkarar skulle òg straffast i slike tilfelle, det var eit vyrke for dei modige.

Hans E. Reimers teikning av "Torvslaget", 17.mai 1829.

Hans E. Reimers teikning av «Torvslaget», 17.mai 1829.

I 1814 vart skuta så snudd på hovudet. Grunnlova innførte langt frå full ytringsfridom, «falske og ærekrænkende Beskyldninger» og «Ringeagt mod Religionen» skulle til dømes framleis straffast. Føresetnadane for eit anna ordskifte var likevel lagt. Satire og karikaturar, som Hans Reimers teikning av torgslaget i 1829, kom sjølvsagt òg enklare til uttrykk. Dei var til gjengjeld mindre avgjerande, no som ein kunne seia det same openlyst. Ettersom anonymitet vart mindre viktig, ser òg ærekrenking ut til å ha fått mindre appell.

I den moderne allmenta var ytringsrommet langt vidare. Ei profesjonalisert og meiningsberande presse vaks fram. Norske aviser og tidsskrift vart mykje politisert og fagleggjort, ordskiftet fekk ein rasjonell og tørrare tone. I eit ordskifte der det meste var lov, var det usagde heller ikkje like verdsatt. Sømmelege forflata kommentarar står då òg i dag langt meir i kurs enn underfundig list. Vår eiga historie, så vel som Charlie Hebdo, viser likevel at det spissfindige og lattervekkjande råkar det autoritære vel så hardt som det einsformige ordet.

Kong Georg III: JAmes Gillray medverka til å gjera den britiske allmenta litt sprelsk på 17- og 1800-talet.

Kong Georg III: JAmes Gillray medverka til å gjera den britiske allmenta litt sprelsk på 17- og 1800-talet.

One thought on “Brennbar historisk satire

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *