Dokudramaskrik

 

…eller kva gretne gamle gubbar vil

 

I samband med NRKs nye serie «Kampen om tungtvannet», har det som vanleg meldt seg ein rekkje gamle grinebitar-historikarar som vil øydeleggja moroa for dei som berre vil kosa seg med underholdning. Her kjem éin til.

Snurte menn

Det starta med at historikar Jostein Berglyd meinte det framsette beware-grumpy-old-man-at-workhendingsforløpet  i Kampen om tungtvatnet var feil – eller, som han valte å kalla det «heilt bort i veggane» (Stavanger Aftenblad, 5. januar). Tidlegere avdelingssjef ved Forsvarsmuseet Thor Brynhildsen meinte det heile var «grov historieforfalsking», og fekk ifølgje Aftenposten støtte frå forfattar Asgeir Ueland (Aftenposten, 6. januar).

Regissør Per-Olav Sørensen gjekk sjølv ut dagen etter og reagerte på «kritikken frå historikarane». «Den tek frå oss retten til å dramatisera historiske hendingar», meinte Sørensen, ja det heile var «veldig humørlaust» (Aftenposten, 6. januar). Eineveldige historikarar likte som vanleg ikkje historiebasert kunst. Dei var nok helst «litt snurt», meinte Rolf Schreiner (Stavanger Aftenblad, 6. januar). Produsent John M. Jacobsen kalla kritikken i det heile «reinspikka vås» (Telemarksavisa, 12.01.2015).

Scenen var satt: den evige kampen mellom vismann og profet, gamal sur professor og ung modig kunstnar. Men kor vasstett var plottet?

Historikarlaust?

Har ein doktorgrad i historie, er det kanskje litt irriterande, men ikkje noko å gjera med: historikar er ikkje noko verna tittel, akkurat som regissør ikkje er det. Dette er heller ikkje ein kaste av folk med eit særskild lynne, men viser til eit virke, nokon som skriv om noko som har hendt – av og til berre at dei jobbar med noko fortidig. Dei allmektige historikarane som Sørensen kjempar mot er til dømes:

  1. ein pensjonert lektor som har mjølka den norske andre verdskrigfetisjismen i historiske actionbøker (Berglyd).
  2. ein pensjonert avdelingsleiar og kurator ved forsvarsmuseet, som ikkje har gjevi ut noko vidare (Brynhildsen).

Når Sørensen difor hevda han har fått «såååå mye» kritikk frå historikarmiljøet (Telemarksavisa, 10.01.2015), er det dermed mykje ein kamp mot vindmøllene han teiknar opp. Heller burde han kanskje forventa meir, då han laga ein seks timar lang serie om den perioden flest nordmenn meiner noko om.

winston_churchillDen framsette ordstriden var vel knappast elles mellom så ulike figurar. Ueland har som andre krigsopptatte husfarporno-forfattarar før han utført eit utstrakt kjeldearbeid, men resultatet er ei spenningsbok ikkje ulik Sørensen sin serie. Òg Berglyd speler på fascinasjonen for kampen mellom dei vonde tyskarane og dei gode ski-gutane på vidda i fartsfylt dokumentarverk.

Dessutan viser det seg at Sørensen og hans produksjonsgruppe heller ikkje berre er kunstnarar. Tvert om har ei større produksjonsgruppe bak serien gått gjennom «det meste av Werner Heisenbergs liv» i tyske arkiv. Resultatet er ei dramatisk attgjeving med sterke autentiske trekk. Då er du over i ein sjanger der publikum møter verket med andre forventingar, enn det reint poetiske.

Sofaekspertisen

Årsaka til at skribentar med ulik dokumentarisk pretensjon skriv om krigen er samtidig ikkje berre fordi det sel, går eg ut ifrå, men fordi det òg fascinerer dei sjølve. Det overraskar kanskje, men faghistorikarar lèt seg riva med av dei same kostymespela. Sjølv har eg nett rasa gjennom Downton Abbey-maraton med sambuaren. For kosen sin del er det då fint med den gode stemninga mellom tenarar og herskap – likevel, eg er glad nokon fortel meg at det ikkje eigentleg var heilt sånn.

Det viser seg Chateau_Versailles_petit_appartement_Reine_cabinet_meridienne_sofa (1)nemleg hos oss, som i andre heimar, at ein som tilskodar lurer på om det framsette faktisk har hendt. Ikkje alle er heller like uomstridd heldig å ha ein histori(e)kar ved sidan av seg i sofaen. Det er då det er greitt at det faktisk finst et ordskifte, der nokon går ut og seier «ja», eller «tja, nei, det var nok eigentleg så her». Empiriske rettingar kan verka uvesentlege, men gjerne handlar saka om noko meir enn ein Ford Mondeo i 1938.

I det overlevande sabotørar blir skoti utan rettsprosess ved åstaden for flyulukka, til dømes, ja, då blir biletet meir unyansert brutalt enn det var. Om britisk aristokrati handsamar tenarskapet som kameratar, gir samtidige sosiale kampar mindre meining. Og viss ein matematikar vann andre verdskrig med ei maskin bygd i eit vakuum på den britiske landbygda, får det ei avgjerande tyding for forståinga av grunnlaget til det moderne Europa.

Historikarar eig sanninga

Her ligg fort vekk årsaka til at iallfall nokre gretne gubbar viser rusket i maskineriet. Som tilsett historikar får ein gjerne skattepengar for å forska på det fortidige, og som faghistorikar kjenner ein då òg gjerne eit ansvar til å forvalta denne innsikta. Det er eit kall som òg inneber å kritisera framstillingar som strir mot eins eiga funn og oppfatning. Det kan vera gåtefullt for dei som ikkje har sanningspretensjon med sin historiebruk, og som reknar kritikk som noko nedrivande, men meininga er eigentleg å byggja opp.

Kritisk gransking av denne typen er nemleg essensielt i det historiefaglege virket. Kjelder og påstandar blir alltid underlagt krav til verifisering, der underkjente fakta må påvisast gjennom argument. Mange spørsmål er omdiskuterte, så ingen eig ikkje siste ord – men faget eig debatten. Skal ein påvisa noko som var, må det skje gjennom ein samtale med tenkte alternativ. Dette er kritikk for ein fagmann, å testa hypotesar, ikkje destruktiv kommunikasjon.

Kritikk , piss og slikt

Der tungtvatn-regissør Sørensen meiner innseiingar og usemje er «berre piss» (Telemarksavisa, 10.01.2015) – blir det difor heller gjerne historieskriving utan forsøk på falsfisering som blir jamt med å lata vatnet. Fortidige forhold vekkjer dessutan for sterke kjensler og har for alvorleg lærdomskraft til at historikarar ikkje kan ta sitt eigarskap på alvor. Trøsta for aktørar som Sørensen er altså at ein står fritt til å melda seg på, som historikarar.

Dokudramarama

Populariteten kring seriar som «Kampen om tungtvatnet» viser at historieinteressa er svært så levande. No er det jo ingen som trur at seriar som dette er fullverdige dokumentarar, men samtidig få som ikkje lèt seg riva med av den sanningsliknande utviklinga, og det er jo meininga. At dette har hendt, eller iallfall kan ha hendt – «ei forteljing basert på sanninga» ‒ gjer det heile ekstra spennande.

Det er sameleis få som tenkjer ein ikkje kan dikta i slike verk. I ein historietekst kan tomrommet frå stille kjelder nok vera meining i seg sjølv. I ein biletleg grumpy-cat-once-upon-a-timethriller må ein driva hendinga framover med fingert dialog og få tilskodarane til å forstå samanhengar implisitt. For å appellera til publikum er det likeins mykje å henta på å skapa ein god story sjølv innanfor dramatiske hendingar: skal ein fanga breitt må ein ha både kjærleik og krig.

Sjølv skodespelarane i kampen om tungtvatnet meinte innvendingar kom av at brusande historikarar hadde mangel på respekt for filmfaget (VG, 06.01.2015). Sett i båsen «historikar» kjende Asgeir Ueland tabloiden på gangen og prøvde å avvisa den konstruerte konflikten tvert, ved å visa til at filmskaparar må dikta. Det hindra likevel ikkje regissør Sørensen å detta inn ein avhengsla lem fire dagar seinare med påstanden «det er nødvendig for oss å dramatisere i en dramaserie» (Telemarksavisa, 10.01.2015).

Sant og samt

Akkurat som det er lite å læra av ein ikkje-eksisterande diskusjon, kjem det knapt meir ut av å ropa ut om historieforfalsking grunna ei oppdikta kjærleiksforteljing. For historiefaget ligg likevel utfordringa å ikkje få for stor respekt for dramatiske grep. Læresetninga om skilnaden på kunst og vitskap, kan ikkje hindra ein i å nyansera mangelfulle framstillingar.

Ein sjanger som lev av røyndomen, kan ikkje rekna med at mottakarleddet ikkje tolkar sanning inn i handlinga. Det påverkar sjølvsagt det same publikumet si oppfatning av det historiske grunnlaget for vår samtid. Og fortida engasjerer, ikkje berre som underhaldning, det har òg følgje for forståinga av samfunnet kring oss. Det er vel litt difor ein lurer på kva som er riktig, fordi det er viktig?

«Det var ein fin film, eg skulle berre gjerne visst kor mykje som var sant», sa sambuaren til dlmes i det vi hadde sett The imitation game. Litt for lite kunne eg svart, om eg kjente historia god nok. Svertinga av Alan Turing som spionskjular hadde særleg vekt sterke reaksjonar i England (The Guardian, 20.11.2014). I tilfellet relativiserte dramatikken sanninga slik at den ville blitt dømt ganske annleis utan nokon som tok på seg eit presiserande ansvar.

Populariseringsvillige historikarar står faktisk i fare for å gjera det motsette, skofta kjeldekritikken for å gjera forteljinga god, og saumar saman empirien med hypotetiske skildringar og dialog ‒ det skapar betre flyt og spenning. Når nokon oppsøkjer eit sanningsbasert verk, er det likevel òg mykje for å forstå kva som faktisk har hendt. Då må dei som veit heller tora vera gretne nok til å seia ifrå.

keep-calm-and-be-a-historian

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *