Ormen

Raud den Ramme var ein stor blotmann, ifølgje Snorre, og ein ovkar til å trolle. Då Olav Tryggvason fór sjøvegen nordover og ville kristna hovdingen, galdra han, så det kom slik storm, at kongsskipet måtte søka til lands. Men kongen lo sist: Hirdbispen hans visste råd, vigde båten og sette korset i stamnen. Samtidig lærte…
Read more

Museet som batt seg til masta

Kulturhistorisk museum (KHM) klinka nyleg til mot eitstatsbudsjett utan pengar til nytt vikingtidsmuseum. Politikarane forstår ikkjealvoret, skreiv museumsdirektøren, vikingskipa kollapsar og «gjenstandenebrytes ubønnhørlig ned». Men korleis skal politikarar fatta eit alvor, museet sjølv har oversett? Innlegg trykt i Dag og Tid, 26.10.2018 Vikingferdene gav Norden ei førande stilling i Nord-Europa og påverka historisk utvikling ute…
Read more

God kunnskap i ny kanal

Grashaug, med bauta øvst, ni mindre bautaar med kjetting mellom, to lauvtre ved haugen, fleire i bakgrunnen, grå-blå skyar på himmelen

Lurer du på kva historiebok du skal lesa til jul? Les ein nettstad i staden! Historie er eit tema mange finn meining i. I Noreg ser ein det i eit heilt særeige engasjement i lokale historielag. Vi investerer då òg årleg store midlar i ny forsking på vår eiga historie. Mykje av kunnskapen som kjem…
Read more

Historielaust i sør

(Innlegget er ophavleg publisert på nettstaden historieblogg.no, eit finfint forum for historikarar) Risør historie skal skrivast. Det er eit storverk: 6 millionar ligg i potten og bystyret har nytta 100 000 på eit større forprosjekt som skulle sikra solid fagleg grunn. 23 svært kompetente historikarar søkte, og éin kjendis. Ein treng ikkje vera ovleg svartsynt…
Read more

Innovatørane

Fornyinga av forskingsfinansieringa har ikkje plass til forsking som ikkje skapar produkt. Forskingsrådet lanserte nett ny «hovudstrategi». Den kan samanfattast i eit ord: innovasjon. Eit kjekt plussord å krydra sausen med, for å gjera forskingsløyvingar lett fordøyelege. Òg regjeringa sin langtidsplan for forsking har innovasjon som fremste mål. Likeins EUs siste rammeplan for forskingsløyving, Horisont…
Read more

Gløym krigen

Nei, ikkje heile tida, og kanskje ikkje nødvendigvis ved 70-årsjubileet for 8. mai, men av og til kan vi vel unna oss at historie er meir enn 1940‒45. Treng historielesinga dessutan vera underlagt ønskje om profitt, og er det berre verdskrigen som skapar mynt i kassa? Krigsfetisjismen Det norske krigsfokuset visast i tilbodet. Forlaga pumpar…
Read more

Oppvekst og hjernevask på 1700-talet

Fredag 20. februar vart eg faktisk 30 år. Dagen vart derimot nytta på å feira min gamle, men evigunge, rettleiar Øystein Rian, som vart 70 år nokre dagar seinare. Tradisjonen tru var gava frå diverse kollegaar eit festskrift: ei samling artiklar med tema tett opp mot Øystein interessar som forskar. Eg har medverka i festskriftet…
Read more

Dokudramaskrik

  …eller kva gretne gamle gubbar vil   I samband med NRKs nye serie «Kampen om tungtvannet», har det som vanleg meldt seg ein rekkje gamle grinebitar-historikarar som vil øydeleggja moroa for dei som berre vil kosa seg med underholdning. Her kjem éin til. Snurte menn Det starta med at historikar Jostein Berglyd meinte det…
Read more

Kjøt, lyst og peikefinger

Eg er så heldig å vera i redaksjonen av det tverrfaglege og samnordiske tidsskriftet «Sjuttonhundratal: Nordic Yearbook for Eighteenth-Century Studies», som er gjevi ut av dei nordiske selskapa for 1700-talsstudiar. Her er eg norsk bokmeldingsredaktør, noko eg har drivi med sidan 2012. Vi legg ut nummera våre på nettet, men med litt forseinking trass alt, vi skal…
Read more

Brennbar historisk satire

(Kronikk, Dag og Tid, 17.01.2015) Satire har vori avgjerande som politisk kritikk òg i Noreg, og vart då sett på som trugande av autoritære interesser. Charlie Hebdo presenterer ein sjanger som er viktig i den franske allmenta, politiske teikningar og vidare sett satirisk kritikk. Denne er meir marginal i dagens Media-Noreg, der ordskiftet heller er…
Read more